Lastar Hendingar

Bærekraft i urolege tider – har vi råd til det? på Peak

Nyt 🥯 og ☕️ medan vår supre lineup skal svare på spørsmålet «Berekraft i ei uroleg tid – har vi råd til det?»

Du får møte:
• Edgeir Aksnes (Tibber) – Heilsvart for grøne forretningsmodellar?
• Arne Sæterbakken (Sparebank 1 Sogn og Fjordane) – Resesjon neste?
• Leif Stavøstrand (Evoy) – Frå fjord til California
• Roger Flølo (Nyvinn) – deltar i panelsamtale

Etter Ukraina-krigen har EU dreia mykje av sin politikk mot energisikkerheit og forsvar, og EU sin «Green Deal» møter auka motstand. USA har varsla nye tollmurar og proteksjonistiske tiltak som kan svekke globalt samarbeid og handel. Samtidig har EU skapt usikkerheit om krav til rapportering på berekraft. I Norge meiner mange at skatteregimet er svært ugunstig for gründarar, noko som kan påverke innovasjon og berekraftig omstilling negativt.

Midt i dette spør vi: Har verda – og Noreg – fortsatt råd og insentiv til å satse på berekraft? Eller står berekraftsmåla i fare for å havne i skyggen av kortsiktige kriser og nasjonale interesser?

Stad: 3. etasje på PEAK Sunnfjord