Lastar Hendingar

Slå deg laus med Flora U40 – gratis introduksjonskurs til boksing!

Klar for å kvitte deg med litt kvardagsfrustrasjon? Eller berre lyst til å prøve noko nytt, gøy og som får opp pulsen? Som ein del av Elevate karrierefestivalen i Sunnfjord inviterer Flora U40 til introduksjonskurs i boksing med ingen ringare enn Jean Pierre Forero som instruktør!

Stad: Spenst Florø
Dato: Tirsdag 10. juni
Tid: 18:30 – 19:30

Du treng verken erfaring eller utstyr – berre nysgjerrigheit og lyst til å slå frå deg litt (på ein kontrollert og morosam måte, sjølvsagt 😄). Jean Pierre guidar oss trygt gjennom grunnleggande teknikkar, fotarbeid og øvingar som garantert får både puls og humør opp. Enten du treng ein pause frå skjerm og stress, har ein indre Rocky du vil lufte, eller berre har lyst til å gjere noko sosialt, aktivt og litt utanom det vanlege – så er dette kvelden for deg.

Møt opp i treningsklede og med godt humør – klar for å slå eit slag for både fysisk og mental helse 🥊