

Gatefest på Pikant
13. juni kl. 19:00 - 23:45
| 200krGatefest på Pikant
Tradisjon tru rundar vi av karrierefestivalen Elevate med eit smell! Sunnfjord U40 inviterer i samarbeid med Elevate ALLE over 20 (jepp – også deg over 40) til Gatefest på Pikant 13. juni.
🚪Dørene opnar 19:00 og det blir moglegheit til å kjøpe burger til ein hyggeleg pris 🍔
🌟 Tidlegare The Voice-vinnar og stjernekamp-deltakar Martin Halla speler konsert frå 19:30. Med si særeigne stemme og nære låtar set han stemninga med ein lun og melankolsk vibe som treff rett i hjartet❤️
Etter konserten byr vi på variert musikk, god stemning og karaoke ut i dei seine nattetimar! 🎤💃🏻
Billettar
Førehandssal: 200,-
I døra: 250,-
Ta med venegjengen, kollegaene dine eller kom åleine – dette blir ein festkveld du ikkje vil gå glipp av! 🪩