Lastar Hendingar

Velkommen til ein spennande kveld på Elvesus, der du kan høyre fine folk som fortel om karriera si, mingle og ete god mat til musikk frå DJ Arian! 🥳

👉 Møt Lars, banken sin eigen fotballhelt frå Molde, som fann både kjærleiken og eit nytt heimstadhjarte i Førde. Han deler erfaringar om leiaransvar, frivillig arbeid og kvifor nettopp Sunnfjord har blitt hans plass i verda.

👉 Bli kjent med Linn Hege frå Jølster, som har vore ei sentral drivkraft i veksten av Tibber og no satsar vidare i medtech-verda. Ho har leidd globale team frå Førde og har mykje spennande å dele om både vekst, endring og modige karriereval!

👉 Kasper frå Bærum visste ikkje heilt kvar vegen gjekk etter studiet, men enda opp i Førde etter eit tilfeldig telefonoppringing – og han elskar det! Høyr korleis han fann (og fann seg til rette i) sitt kanskje litt uventa Sunnfjord-liv.

Alt dette – og meir til – i ein sofaprat leia av Arianrhod Engebø kjend frå bl.a. P3, som også står for stemninga bakom DJ-pulten heile kvelden 🤩

🎟️ Gratis inngang – vi gler oss til å sjå deg!

Du kan òg sikre deg billett med nydeleg middag for berre 420 kr. Menyen? Braisert svinenakke, potetpuré, grønsaker og crème brûlée med rørte bær 😋