Lastar Hendingar

Minglekurs med Sunnfjord U40 på prosjektsenteret til Lotteri-og stiftelsestilsynet

Bli betre på smalltalk – utan å bli klein! 😅🗣️

Synest du småprat kan vere… tja, kleint? Eller tomt? Eller berre noko ekstroverte folk driv med på mingling og messer? Då er dette kurset for deg.

I starten av Karriereveka Elevate får du vere med på eit uhøgtideleg og nyttig kurs i smalltalk eller småprat. Vi snakkar om kvifor småprat faktisk er viktig (og ikkje berre noko folk gjer for å fylle stillheita), og du får enkle, konkrete tips til korleis du kan bli meir komfortabel med å starte samtalar – enten det er på jobbintervju, konferansar, karrieredagar eller i heisen.

👉 Det blir praktiske øvingar, lite teori og null skumle rollespel.
👉 Kurset er for deg som vil bli tryggare i møte med nye folk – utan å måtte vere nokon du ikkje er.

Stad: Prosjektsenteret hos Lotteri- og stiftelsestilsynet i Storehagen 1B. Vi står utanfor, så du finn vegen inn!

Gratis og ope – berre hugs å melde deg på!