

Ølsmaking i Florø
12. juni kl. 15:45 - 21:50
Flora U40 inviterer til sosialt arrangement under Elevate karrierefestival!
Det blir ingen lønningshils denne månaden – MEN, vi byr på noko endå betre!
Torsdag 12. juni inviterer Flora U40 til ølsmaking og sosial kveld på Vesle Kinn i Florø, i samband med Elevate karrierefestivalen.
Kl. 17:00–18:00
Då får vi ei innføring i ølets verd av sjølvaste Tarjei på Vesle Kinn, som tek oss med gjennom fire ulike ølsortar.
Etter smakinga held vi fram kvelden med god prat, nettverksbygging og hyggeleg stemning.
Pris: 100 kr. Inkluderer ølsmaking med ølfjøl med fire unike smakar.
Gratis reise frå Førde!
Deltakarar som kjem frå Førde kan enkelt bli med:
– Avreise frå Førde rutebilstasjon: kl. 15:45
– Ankomst Florø: kl. 16:55
– Retur frå Florø: kl. 20:38
– Tilbake i Førde: kl. 21:48
Vi dekkjer bussbilletten – du legg ut, vi ordnar refusjon i etterkant.
Meld deg på og bli med på ein smakfull og sosial kveld i Florø!