Reisestipend

For å gjere Elevate Karrierefestival tilgjengeleg for deltakarar frå heile landet, tilbyr vi eit reisestipend som skal bidra til å dekke reiseutgifter til og frå Førde under festivalen 10.–13. juni 2025.​

Kven kan søkje?

Er du student eller ny i arbeidslivet og har lyst til å delta på Elevate Karrierefestival i Sunnfjord, men treng økonomisk støtte til reisa? Då kan du søkje om reisestipend!

Kriterium for å søkje:

  • Du er student eller ny i arbeidslivet
  • Avstanden mellom bustadadressa di og Sunnfjord kommune er meir enn 90 km
  • Du planlegg å delta på minst fire arrangement under Elevate Karrierefestival

Kva dekkjer stipendet?
Stipendet kan dekke delar av eller heile reiseutgiftene, avhengig av avstand og kostnader. Dette inkluderer transportmiddel som fly, buss eller bil.​

Vi dekker inntil 4.000 kr inkl. mva. per søkjar.

Korleis søkje?
Send inn skjemaet innan 31. mai

Søknadsfrist: 31. mai 2025​

Vi ser fram til å ønske deg velkomen til Førde og Elevate Karrierefestival 2025!

Søknadsskjema

Beklager, søknadsfristen har gått ut.