
Korleis bygge SOME for bedrifter i 2026?
3. juni kl. 13:15 - 14:00
| kr50Vi scrollar i snitt 90 meter kvar einaste dag. Du har mindre enn 1 sekund for å få folk til å stoppe for å sjå ditt innhald. Kva skal til for å fenge folk?
Photoevent deler erfaringar, tips og konkrete råd om kva som fungerer i sosiale medium akkurat no, og kva som vil bli viktig framover.
Du vil mellom anna høyre meir om:
- Korleis skape innhald som folk faktisk stoppar opp ved
- Kva som bygger tillit og synlegheit
- Trendar og utvikling i SOME
- Korleis bedrifter kan bruke video og innhald smartare
Dette passar for deg som driv med marknadsføring, driv eiga bedrift eller berre er nysgjerrig på korleis sosiale medium utviklar seg. Uansett kva nivå du er på, vil du få servert nyttige tips du kan ta med deg vidare.
Hugs å kjøpe billett i forkant!
