
Slik skaper du eit (arbeids)liv du vil ha – foredrag
2. juni kl. 09:00 - 10:00
| 50krFøler du at du sit litt fast? At ting ikkje er heilt slik du ønsker, og du ikkje veit kva veg du skal gå vidare?
Det finst konkrete verktøy for å utforske og teste nye moglegheiter, enten du er nysgjerrig på eit karriereskifte, å starte noko eige, eller berre vil leve litt annleis.
I dette foredraget deler Karianne Hartviksen frå eiga erfaring og viser korleis du kan gå frå «stuck» til å aktivt forme framtida di, steg for steg.
Karianne Hartviksen er førelesar på BI og tidlegare sal- og marknadsdirektør i startupen Inkrement. Ho arbeider praktisk med gründerar, tilsette og bedrifter, og deler erfaringar om økonomi, karriere og entreprenørskap med 15 000+ følgjarar gjennom sosiale medium og podcasten «klart du kan».
Det blir servert kaffi, vatn og noko å bite i.
Vi gler oss til å sjå akkurat deg bli inspirert av Karianne.
Velkommen!
