2026-05-18T00:00:00+02:00
Lastar Hendingar

I dette føredraget snakkar Kari Eldal frå Høgskulen på Vestlandet om korleis prestasjonskultur, forventingar frå arbeidslivet, dei rundt oss og oss sjølve kan bli for mykje, og kva det gjer med psykisk helse og trivsel på jobb.

Med utgangspunkt i forsking på psykisk helsevern og eigne erfaringar frå sjukepleie og akademia, viser ho kvifor det ikkje er svakheit å vere menneske på jobb – men ein føresetnad for å halde i lengda. Ho snakkar om prestasjonskultur, «stå i det»-idealet, og kvifor relasjonar, nysgjerrigheit og tydelege grenser er noko av det klokaste du kan ta med deg inn i arbeidslivet dersom du vil vare – ikkje berre levere.

Kari Eldal er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet og jobbar til dagleg ved bachelorutdanninga i sjukepleie i Førde. Ho er sjukepleiar med vidareutdanning i familieterapi og relasjonelt arbeid, og har ein ph.d. der ho har forska på kva som faktisk hjelper når menneske er på sitt mest sårbare – innsikt ho no tek med inn i spørsmålet: Korleis kan vi få plass til heile oss i arbeidslivet, utan å bli utbrent på vegen?

Go to Top