2026-07-09T00:00:00+02:00
Lastar Hendingar

IT-forum Vest inviterer deg til Techpub på Peak!


Kva skjer når eit menneske treng hjelp? Når ein storm nærmar seg? Når vi overvåkar eit bygg, eller eit fjell? 

Teknologi er ikkje abstrakt. Den reddar liv, forhindrar ulykker, og gjer oss trygge. Kvar einaste dag. I denne techpuben møter du folk som bygger og brukar desse systema i praksis.

Kom og lær meir om korleis observasjon, automatisering og intelligens gjer Sunnfjord – og Norge – tryggare

Dette arrangementet passar for deg som jobbar med teknologi, eller berre er nysgjerrig på kva teknologi kan gjere for oss. 

Arrangementet er gratis, men du må sikre deg billett i forkant.
Klikk her for å bestille billett til techpub 

Program

17:30–18:00
Velkomst
Pizza (spandert av Tekna), bar og uformelt mingel

18:00–18:05
Velkomen
Anne Mette Hjelle (IT-forum Vest), Gro Rukan (Vilje Helseklynge) og Kristine Sand Johnsen (Atea)

18:05–18:25
Alarmsentralen IKS
Korleis vi passar på folk i 16 kommunar i gamle Sogn og Fjordane, kvar einaste dag.
Roy Humlestøl, teknikar i Alarmsentralen

18:25–18:45
Atea – E-helse og kapasitet
Fleire eldre utan fleire tilsette, og mange meiningar om teknologi. Korleis navigerer Atea mot å doble omsorgskapasiteten i kommunane?

Jo Inge Gåsvær, rådgivar i velferdsteamet i Atea

18:45–19:05
Pause
Bar, snacks og tekprat ved borda

19:05–19:25
NVE – sikkerheit og beredskap
Teknologisk overvaking av natur- og fjellparti: satellittar, radarar og varsling

Brigt Samdal, direktør for skred- og vassdragsavdelinga i NVE

19:25–19:45
Automatisering i praksis
Intelligente løysingar som overvåkar og kontrollerer system innan bygg, vatn, avløp og maritim sektor

Andre Narud Simonsen, Normatic

19:45–20:05
Pause
Tekprat og mingel

20:05–20:25
Robotar og autonome system
Når robotar blir autonome – vegen til store åtferdsmodellar og framtida

Per Christian Engdal, assisterande instituttleiar, HVL Førde

20:25–20:40
Refleksjon og diskusjon – open mikrofon
Kva tek du med deg? Kva kan vi gjere i Sunnfjord?

20:40–21:30
Open mingel
Snakk med innleiarar, fagfolk og andre frå regionen

 

Dette vil du ikkje gå glipp av!
Bestill billett til techpub her 

Go to Top