2026-05-13T00:00:00+02:00
Lastar Hendingar

Korleis samarbeider du best med andre? Kva skjer når ulike perspektiv, kulturar og arbeidsstilar møtast? 

 Bli med på ein engasjerande workshop med Norec for å lære meir om nettopp dette. 

I workshopen vil du få ei kort innføring i kva Norec jobbar med, men først og fremst høve til å bli kjent med din eigen arbeidsstil. Dei nyttar verktøyet Diversity Icebreaker for å synleggjere ulike preferansar i samarbeid og kommunikasjon, og som utgangspunkt for refleksjon og samtale. 

 

Norec er Norge sitt kompetansesenter for internasjonalt samarbeid og jobbar med prosjekt i rundt 30 land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Erfaringane viser at godt samarbeid, på tvers av grenser, kultur og personlege referansar, er heilt avgjerande for å lukkast. 

 

Denne workshopen passar for alle som er nysgjerrige på samarbeid, mangfald og internasjonalt arbeidsliv. Du treng ingen forkunnskapar, men openheit og lyst til å delta. 

 

Dette kurset vart arrangert under Elevate for 3 år sidan, og hausta veldig gode tilbakemeldingar. No har du sjansen til å delta på nytt, eller for aller første gong. 

 

Arrangementet er gratis, men du må melde deg på i forkant. 

Velkommen til ein sosial og lærerik workshop! 

Go to Top