2026-05-13T00:00:00+02:00
Lastar Hendingar

Det er ingen hemmelegheit at det kan vere utfordrande å få tak i dei rette folka. Konkurransen er hard, og her vi bur må bedriftene kanskje kjempe ekstra for å få tak i dei beste kandidatane. Samtidig aukar risikoen for feiltilsetjing, spesielt når geografien gjer rekruttering krevjande. 

På dette arrangementet forklarar Visere korleis du kan redusere den risikoen. Dei deler sine erfaringar, metodar og konkrete tips til korleis verksemder kan tiltrekke, motivere og behalde nøkkelkompetanse i eit stadig meir krevjande arbeidsmarknad.

Visere viser kvifor moderne rekruttering handlar om langt meir enn stillingsannonser og CV-ar. Employer branding, synlegheit, kandidatoppleving og strategiske søk er blitt heilt avgjerande for å lykkast. 

Dette innlegget er aktuelt for deg som er leiar og/eller jobbar med HR i både privat og offentleg sektor. Uansett om du rekrutterer ofte eller sjeldan, får du konkrete tips som du kan ta med deg tilbake i arbeidskvardagen For prinsippa er dei same, uansett kor mange du skal rekruttere. 

Visere byr på kaffi og ein liten matbit. 

Arrangementet er gratis, men du må melde deg på i forkant. 

Go to Top