2026-05-13T00:00:00+02:00
Lastar Hendingar

Dette arrangementet er ein uformell møteplass for deg som ønskjer å lære meir om styrearbeid –og for verksemder som er på jakt etter aktuell styrekompetanse.

Gjennom fagleg innhald og eit erfarent panel får du innsikt i kva styrearbeid faktisk inneber i praksis. 

I tillegg legg vi til rette for strukturert matching og nettverksbygging, slik at deltakarane får høve til å bli kjende, utveksle erfaringar og utforske moglegheiter for vidare dialog og samarbeid.

Arrangementet passar både for deg som er nysgjerrig på styrearbeid og vurderer ditt første styreverv, og for deg som allereie har erfaring og ønskjer fagleg påfyll og eit større nettverk.

Er du på leit etter ny kompetanse inn i ditt styre? Då er dette eit perfekt høve til å finne nye dyktige kandidatar som du ikkje nødvendigvis har på radaren frå før. 

 

Arrangementet er gratis, men du må melde deg på i forkant. 

Go to Top