
Lær å bruke teknologi på ein trygg måte
4. juni kl. 13:00 - 14:00
Når teknologien går raskare enn organisasjonen, aukar risikoen. Etter workshopen med Anders Solstad tek Lars Ivar Kittelsaa deg vidare inn i den andre sida av KI – der sikkerheit, beredskap og ansvar står i sentrum. Med eit strategisk blikk får du konkrete perspektiv på kva som må vere på plass for å ta i bruk teknologi trygt og berekraftig.
Når det verste skjer, kan livet endre seg på eitt minutt. Dei førebuingane du faktisk har gjort, kan vere det som får deg gjennom. Det du berre har tenkt på, hjelper deg ikkje. No er tida inne for å gå frå gode intensjonar til konkret handling, og styrke beredskapen med det som faktisk verkar når det gjeld.
Om Lars Ivar Kittelsaa
Strategisk rådgivar sikkerheit og beredskap, ATEA
Lars Ivar har bakgrunn som etterretningsoffiser og lagførar i Hæren, og har òg leia arbeid med sikkerheit og beredskap i finanssektoren. Han kombinerer operativ erfaring med strategisk forståing, og har eit tydeleg fokus på korleis organisasjonar skaper verdi gjennom godt samspel mellom menneske, kompetanse og teknologi.
Arrangementet er gratis, men du må booke deg billett på førehand.
