
Slik tener du pengar på god HMS
3. juni kl. 09:00 - 10:00
Er du ein av dei som grøssar når det blir snakka om HMS, regelverk og lovkrav? Då må du komme på dette arrangementet. Dyktige Øyvind Krogenes er fagansvarleg i Proresult. Han vil gje deg innsikt og gode tips om korleis du kan jobbe med HMS-arbeidet i bedrifta di, og forklare kvifor du til og med kan tene pengar på det.
Dette er nyttig uansett kva bransje du jobbar i, og kor stor bedrifta di er.
Velkommen til Proresult sine splitter nye lokale i Skudeløken (nytt bygg på Øyrane).
Proresult byr på kaffè og noko godt å bite i.
Hugs å sikre deg plass!
Arrangementet er gratis, men du må ha gyldig billett for å delta.
Vi gler oss til å sjå deg.
