
Gründerkveld på Elvesus
2. juni kl. 18:00 - 21:00
Er du gründer eller har eit lite snev av ein idè du lurer på om du vil gå vidare med? Enten i morgon, om ein månad eller eit år? Då må du komme på Gründerkveld på Elvesus.
Denne kvelden får du høyre om spennande gründer og deira reise frå idè til realitet. Du vil også få møte folka i Sunnfjord som kan bidra på gründerreisa di, og som kvar dag jobbar for å utvikle næringslivet vårt.
Det er Kunnskapsparken Vestland som står bak arrangementet. I tillegg kjem blant anna Sunnfjord Utvikling, Aksello, Drivkraft, Nytta og Innovasjon Norge. Dette blir ein kjekk og sosial kveld med store moglegheiter for å lære, la seg bli inspirert og bygge nettverk.
Det er gratis inngang, men du må melde deg på i forkant.
Vi gler oss til å sjå deg!
