
Workshop: Slik skaper du eit (arbeids)liv du vil ha med Karianne Hartviksen
2. juni kl. 13:00 - 15:30
| 150krDenne workshopen passar for alle, uansett bransje, rolle eller livsfase. Enten du trivst godt der du er, står framfor nye moglegheiter eller berre ønskjer nye perspektiv, vil du få inspirasjon, refleksjon og praktiske verktøy du kan ta med deg vidare i arbeidskvardagen.
Gjennom workshopen lærer vi korleis vi kan teste tankar, idear og retningar i praksis. Du får enkle metodar for å utforske det du er nysgjerrig på, og hjelp til å ta små, konkrete steg mot det du ønsker meir av i kvardagen. Målet er ikkje å finne eitt rett svar, men å bli tryggare på eigne val og moglegheiter.
PS: Du treng ikkje å vere på veg bort frå noko for å få utbytte av denne workshopen. Den passar like godt for deg som vil utvikle deg vidare der du er, som for deg som er nysgjerrig på noko nytt.
Vi kan garantere at du kjem til å lære mykje om deg sjølv i løpet av desse timane. Ta med deg ein venn, kollega eller kjæraste, og bli engasjert og inspirert saman 🙌
Arrangementet kostar 150 kroner.
Hugs å sikre deg billett!
Klikk her for å sikre deg billett!
Karianne Hartviksen er førelesar på BI og tidlegare sal- og marknadsdirektør i startupen Inkrement. Ho arbeider praktisk med gründerar, tilsette og bedrifter, og deler erfaringar om økonomi, karriere og entreprenørskap med 15 000+ følgjarar gjennom sosiale medium og podcast.


















